– Det er vårt ansvar som folkevalde å syta for at alle barn og unge i Osterøy kommune blir sikra trygge oppvekstvilkår, slår tre av partiet sine medlemmer i heradsstyret fast i ein interpellasjon til heradsstyret.

Dei viser til at det er utført fleire tilsyn frå statsforvaltaren knytt til barnevernet i Osterøy.

«Ein del av desse tilsyna har påpeika ymse manglar av ulik alvorsgrad. Det er og vorte kjent at det er kome inn varsel frå tilsette om tilhøve som gjeld tenesta. Me kjenner ikkje innhaldet i varselet, men finn samandraget som er publisert i media såpass omfattande at det er urovekkande.»

«Når tilsette vel å gå til det steget å sende varsel om sin eigen arbeidsstad og arbeidssituasjon, skal og bør det takast på stort alvor. Den eller dei tilsette som vel å sende varsel, utset seg sjølve for store påkjenningar og er normalt klar over at eit varsel vil medføre at dei sjølve endar med å forlate jobben sin», skriv partiet.

Høgt sjukefråver

Dei tar også opp at tenesta har noko høgt sjukefråvær, og at det er høgare enn andre kommunar. Det meiner dei bør vera eit signal som gjer at saka blir sett nærare på.

«Summen av varsel, tilsyn og sjukefråvær gjer at me no vurderer det som naudsynt å få ei grundig og ekstern vurdering omkring barnevernstenesta i Osterøy kommune», slår dei fast.

Dei ber heradstyret vedta å setja av pengar i budsjettet for neste år til å ha ei ekstern gransking av barnevernstenesta i kommunen. Granskinga skal skje i første kvartal neste år og ta utgangspunkt i tilsynsrapportar dei siste åra, samt innsendt varsel.