Like før klokka 12 måndag melde politiet om ei trafikkulykke på fylkesveg 5428 på Raknesvegen mellom Greve og Skår på Osterøy.

Dei to bilane skal ha treft kvarandre front mot front, men det er ikkje snakk om ei alvorleg ulykke. Det er ikkje sagt kor mange personar som var involvert i hendinga.

– Politiet er på staden, mindre personskade på ein person, melde politiet klokka 12.09.

Like etter la Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt til dette.

– Det er litt oljesøl på staden og ein airbag som har blitt løyst ut. Ein person skal ha bitt seg i ei tunge. Ambulanse har ikkje rykt ut til staden, men det er mogleg at nokon sjølv oppsøker legevakt.

Vegen vart stengt etter ulykka, men vart opna ei stund etterpå.