No kjem ekstremvêret Elsa

Meteorologane varslar ekstrem høg vasstand, og ber folk halda seg unna strandsona.

Søndag kom beskjeden om at farenivået for høg vasstand har auka til raudt, som er det høgaste farenivået.
Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

Søndag har Meteorologene sendt ut varsel om raudt farenivå, med ekstremt høg vasstand, måndag ettermiddag og tysdag ettermiddag.

Dette ekstremvêret har fått namnet Elsa.

Natt til tysdag er det venta ekstremt høg vasstand, estimert 80-100 cm over normal flo, melder Meteorologene.

Vakthavande meteorolog i vêrvarslinga på Vestlandet, Geir Ottar Fagerlid, opplyser at det kan bli opp til 250 cm over sjønivå, altså nullnivået i sjøkarta.

– Om prognosen slår til, så vil dette bli rekordvêr for Bergen og Nordhordland, seier Fagerlid.

Rekorden for Bergen som gjeld i dag er på 240 centimeter, som var for 30 år sidan.

– Lurt å tenka skadebegrensing

– Vi har høg flo i dag og forventar det i morgon òg, men det er natt til tysdag det blir høgast vasstand, legg han til.

Han ber folk om å unngå ferdsel i strandsona og å sikra lause gjenstandar inne i naust og i strandsona.

– Om folk har verdiar i naust til dømes må dei gjerne flytta gjenstandar frå golvet. Det er lurt å tenka skadebegrensing både i dag og i morgon.

Fagerlid meiner det største skadepotenisale liggar langs kysten, på grunn av at det i tillegg til stormflo, er venta høge bølgjer.

Tidlegare denne veka blei det også sendt ut gult farevarsel for nedbør, og det er i løpet av søndag venta opp mot 80 millimeter regn på 12 timar på Vestlandet.

Publisert: