Hardangervegen blei stengt etter ei trafikkulukke ved Janusfabrikken på Espeland. Politiet meldte om ulukka klokka 15.05 måndag ettermiddag.

Krasja i fjellveggen

Politiet opplyser at det er snakk om ei singelulukke.

Politiførstebetjent Vidar Almberg ved Bergen nord politistasjon seier til Bygdanytt at ein personbil med hengar kjørte i fjellveggen.

Føraren av bilen blei frakta bort med ambulanse før politiet kom til staden.

Foto: Eirik Langeland Fjeld

Tett trafikk

Klokka 15.30 var det manuell dirigering på ulukkestaden og tett trafikk.

Rundt halvanna time etter ulukka blei det opna for normal ferdsel. Då var det framleis lange køar i retning Arna og Nesttun.

Almberg fortel at det ikkje er mistanke om rus.

– Vi veit ikkje kvifor ulukka skjedde, fortel han.

Tysdag fortel Almberg at politiet har fått snakka med sjåføren i ulukka, som er ein mann i 70-åra.

Politiet har oppretta ei sak på hendinga.