Lars Håbrekke byrja som rektor ved Lone skule i 2008. No skal hardingen legge skulelivet på hylla og trø inn i pensjonistane sine rekker. – Det blir rart, men eg har nok av ting å henge fingrane i, fortel 64-åringen frå Strandebarm. Alle foto og video: Anders Totland.

Kjensleladd avskjed etter 40 år i skuleverket

– Dette er overveldande. Eg har ikkje ord, seier Lone-rektor Lars Håbrekke etter at nesten 300 elevar gav 64-åringen eit farvel han ikkje vil gløyme med det første.