Kva vêr ein kan vente seg på julaftan er det nok mange som er nysgjerrige på.

Men la oss starte med det verste vêret først. Fredag og laurdag skal det nemleg bli frykteleg vått på Vestlandet. Arnabuarar og ostringar bør finne fram regntøyet om ein ønskjer å kome seg tørt fram.

– Ja, det skal regne godt frå fredag kveld og fram til laurdag ettermiddag. Lokalt kan det kome opp i 100-120 mm. Om det kjem akkurat i Arna eller på Osterøy gjenstår å sjå, men veldig vått blir det i alle fall, seier vakthavande meteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Meteorologisk institutt.

– Er det framleis fare for ekstremvêr?

– Vi vil anbefale auka overvaking framleis, men no definerer vi det ikkje som ekstremt, svarar han.

Ifølgje meteorologen vil det bli intense nedbørsmengder. I tillegg vil det blåse opp.

– Det blir godt ruskevêr i dag og i morgon. Det blir vestleg kuling, seier Fagerlid som oppmodar reisande om å sjekke Vegtrafikksentralen sine oppdateringar.

Vêret på julaftan

Det store spørsmålet er jo korleis vêret blir på julaftan. Det er nok mange som kunne tenkt seg kvit bakke og stjerneklar himmel.

– Det er håp om å sjå vinterlege forhold i romjula, men ikkje akkurat når julegåvene blir opna, seier han.

Søndag er det nemleg mildvêr, pålandsvind og bygevêr.

– Det blir eit tungt skydekke og nedbøren kjem i form av regn. Så det blir ikkje noko nysnø akkurat, stadfestar Fagerlid.

Kan kome snø

Men meteorologen har ikkje berre dårlege nyheiter å kome med. I romjula ser det ut til at vêret betrar seg og kong vinter kjem på besøk att.

– Ja, det positive for nokre er vel at det blir kaldare i romjula. Frå andre juledag kan gradene gå under null, og det er håp om snøbyger og kvite bakkar i kuldeperioden.

– Kan du sei noko om vêret på nyttårsaftan allereie no?

– Foreløpig er det meldt kaldt vêr som kan halde fram til nyttårsaftan, men det er nok altfor tidleg å seie noko om. Vi får berre vente og sjå.