I dette opptaket av Bygdapraten #4, som gjekk føre seg i biblioteket i Lonevåg 29. april 2021, kan du sjå Hagebø snakke om verksemdene sine.

I tillegg til pallefabrikk, driv han óg med bunadsøm, grisefarm og fiskeoppdrett!

I møtet får vi óg høyre eit foredrag av forfattar Dag Hareide, som er aktuell med boka «Mennesket og teknomaktene - hva gjør de nye teknologiene med oss?».

Med er også Tom Skauge. Han er instituttleiar ved institutt for økonomi og administrasjon ved Høgskulen på Vestlandet. Han underviser mellom anna i innovasjon, entreprenørskap og teknologileiing. Skauge har tidlegare skrive om tilhøva mellom robotar og arbeidstakarane, med utgangspunkt i verksemder på Osterøy.

Gjestar var fabrikkeigar Rolf Hagebø, instituttleiar Tom Skauge og forfattar Dag Hareide. Foto: Eirik Langeland Fjeld
Fabrikkeigar Rolf Hagebø i samtale med Tom Skauge frå Høgskulen på Vestlandet. Foto: Eirik Langeland Fjeld