Det blir ei grå jul

Det er ikkje kvit jul i sikte. Vêret blir grått – og litt vått.

Det blir grått og trist
  • Henrik Rambjør Hauken
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

Dei som håpte på kvit jul, får vente til neste år. Meteorologisk institutt hadde berre gråvêr å melde om.

– Det er skya og delvis skya i dag. Det blir litt nedbør, som kan kome som snø i fjella og ytre strøk, seier meteorolog Halldis Berge til Strilen.

Grått, grått, grått.

Heller ikkje julekvelden var det mykje tradisjonelt julevêr å melde.

– Det startar med nedbør, som seinare går mot opphaldsvêr. Utover ettermiddagen blir det nordvestleg bris, og det kan på ny kome nedbør.

Opphald nyttårsaftan?

Det er same tone utover romjula, men det blir kjølegare frå torsdag av. Temperaturen vil liggje på rundt fem grader, før den går nedover.

– Det blir eit vêrskifte på fredag og utover laurdagen. Då blir det sør-austleg vind, med vindauke. Det vil også kome nedbør her, men det blir mildare igjen, seier Berge.

– Korleis blir nyttårsvêret? Får vi sjå rakettar?

– Det er framleis for tidleg å seie noko om.

Publisert:
  1. Vær
  2. Meteorologisk institutt
  3. Jul

Mest lest akkurat nå

  1. Høgreekstrem gruppe bolta fast propagandaskilt: – Slikt høyrer ikkje heime her

  2. Strilefest i byd'n

  3. Bakerigiganten flyttar ut av bygda: – Sjølvsagt er det vemodig

  4. Tippeliga-treneren fra Londalen

  5. Hundeeier får bot og erstatningskrav etter sauedrap