Bergensbanen vert stengd for vedlikehald og utbygging

Sjå oversikta over planlagd arbeid og alternativ transport.

Bane Nor planleggar mykje arbeid på Bergensbanen i år.
  • Kristina Bøland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

I løpet av året vert Bergensbanen stengd i korte periodar for vedlikehald og utbygging.

– Me veit kor upraktisk det er for kundane våre når banen er stengd, men håpar dei set pris på resultatet av arbeidet. I år held me fram med å erstatte gamle snøoverbygg på fjellet med nybygg i stål. Andre oppgåver er rassikring, fornying av skjener og sviller, samt kontroll av tunnelar og andre anlegg, fortel områdedirektør Tony Dæmring i Bane NOR i ei pressemelding.

– Kjem oss alle til gode

Arbeidet med Arna stasjon og ny tunnel gjennom Ulriken held fram for fullt i 2019.

Medan Bane Nor arbeider på jernbanen, vil NSB stille med bussar eller anna alternativ reise.

– Me i NSB har forståing for at Bane NOR må gjere disse viktige utbetringane. Me vil gjere vårt for å tilby alternativ reise, og ser fram til at arbeidet på infrastrukturen kjem oss alle til gode, seier marknads- og kommunikasjonssjef Henning Lirhus i NSB.

Bussane vil i nokre tilfelle køyre tidlegare enn det som står i togruta for å korrespondere med tog vidare.

Les også

I full gong med ombygging av Arna stasjon - men han er ikkje tilpassa ny jernbane

Her er arbeidsplanen for 2019:

  • 25.– 29. mars: Arbeid mellom Voss og Bergen måndag til fredag mellom kl. 9.10 og 14.55. Trafikken går som vanleg morgon og ettermiddag.
  • 6.–7. april: Arbeid mellom Arna og Bergen laurdag kveld til sundag føremiddag.
  • 13.–22. april: Arbeid mellom Asker og Drammen. Bergensbanen køyrer over Roa mellom Oslo og Hønefoss.
  • 2. mai–21. juni: Arbeid mellom Hønefoss og Gulsvik kvar natt fram til neste føremiddag. NSB køyrer buss mellom Oslo og Nesbyen.
  • 4.–5. mai: Arbeid mellom Voss og Bergen laurdag kveld til sundag føremiddag.
  • 18.–19. mai: Arbeid mellom Arna og Bergen laurdag kveld til sundag føremiddag.
  • 1.–2. juni: Arbeid mellom Arna og Bergen laurdag kveld til sundag føremiddag.
  • 22. juni–5. august: Arbeid mellom Asker og Drammen. Bergensbanen køyrer over Roa mellom Oslo og Hønefoss.
  • 5.–6. oktober: Arbeid på heile Bergensbanen mellom Hønefoss og Bergen. Det vert alternativ reise for alle regiontog på dagtid, men ikkje for nattoget mellom Oslo og Voss.


Sjølv om den vanlege togtrafikken er innstilt, kan det kome arbeidstog på sporet når som helst. Bane NOR minner om at det er livsfarleg og forbode å krysse jernbanen utanom planovergangar.

Publisert:
  1. Jernbane
  2. Tog
  3. Arna
  4. Bane NOR

Mest lest akkurat nå

  1. Steinnedfall mellom Skaftå og Bruvik

  2. Fylket opplever klagestorm om denne vegen – slik svarer dei

  3. – Ferjesambandet gir i dag eit heilt nødvendig kollektivtilbod

  4. Arna-Bjørnar fikk juling på hjemmebane

  5. Planen for Haus sentrum er klar. Dette er hovudpunkta

  6. Desse vegane i Arna får nytt dekke