Det var fredag 18. november i 2016 i fotgjengerovergangen på Arnatveitvegen mannen ikkje var merksam nok, og køyrde på ei kvinne som var i ferd med å kryssa vegen.

Kvinna, som også er frå Arna, blei som følgje av ulykka mellom anna påført livstrugande hovudskadar med brot på hovudskallen og fleire blødningar.

Dette har ført til ein omfattande og varig hjerneskade, samt monaleg og livsvarig funksjonstap. Ho er no pleietrengande.

I retten la den tiltalte mannen i 20-åra alle korta på bordet. Han har erkjend ansvar og skuld for det som skjedde.

Erstatning

Retten presiserte at plikta ein bilførar har til å vera merksam er skjerpa ved gangfelt, og at mannen ikkje hadde merksemda på trafikkbiletet då ulukka skjedde.

Mannen blei dømt både for brot på straffelova og vegtrafikklova og må sona 30 dagar i fengsel. Påstanden frå aktor var fengsel utan vilkår i 35 dagar.

Han blei også frådømt retten til å køyra førarkortpliktig motorvogn i to år, og han må avlegga full ny førarprøve.

Han må også betala 140.000 kroner i oppreisingserstatning til kvinna.

– Ei trist sak

Det har ikkje lukkast Bygdanytt å få kontakt med advokaten til mannen, Kaj Wigum. Heller ikkje bistandsadvokaten til kvinna, Einar Drægebø, var mogeleg å få kontakt med fredag ettermiddag.

Drægebø har tidlegare uttalt til Bygdanytt at saka er trist av fleire årsaker.

– Kvinna har fått alvorlege og varige skader, medan sjåføren er ung. I sum er dette trist for mange, men utvilsamt mest trist for kvinna og familien hennar, fortalde han til Bygdanytt under synfaringa tysdag.