Usedvanleg mildt vêr for årstida

Meteorologen kjem med gode nyheiter om vêret i helga.

Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

I løpet av helga kjem det eit høgtrykk og det vert usedvanleg mildt vêr for årstida.

– Det er meldt 12–13 grader onsdag, torsdag og fredag, opplyser Geir Ottar Fagerlid, statsmeteorolog ved Meteorologisk institutt.

– Berre å komme seg ut

Han fortel at det vert ein del vind fredag morgon, men det vert svært lite vind i helga.

– Laurdag og sundag vert fin, så då er det berre å komme seg ut. Dra på fjellet, det er lite snø så det kan bli fine fjellturar sjølv om dagane er korte, seier Fagerlid.

Han opplyser om at det kanskje kan kome tåke i helga og nokre dagar neste veke.

– Det er ikkje sikkert det vert, den kan vere veldig lokal. Den kjem i så fall sundag og til måndag eller tysdag. Me håpar den ikkje vert så omfattande.

Ikkje ei dråpe nedbør

Meteorologen seier at neste veke også blir fin.

– Det blir ikkje ei dråpe nedbør frå laurdag og ut i neste veke. Om ein slepper unna tåka, vert det ei uke med fint vêr og sol. Det er ikkje ofte vêret er så stabilt. Det er berre å gleda seg!

Sjølv om det er opphald og sol neste veke, søkk temperaturen.

– Det er baksida av høgtrykk. Frå måndag av vert det nattefrost. Då må me kle oss godt igjen, seier Fagerlid.

Publisert: