Bergen kommune tilbyr no gratis HPV-vaksinar til utsette grupper.

Rusavhengige, personar som sel sex og menn som har sex med menn (født i 1991 eller seinare) kan no få gratis HPV-vaksine.

Kommunen tilbyr desse på Smittevernkontoret eller på Helsestasjon for ungdom og studentar.

– Gruppene som no er prioritert har dårlegare høve for å verna seg mot HPV-infeksjon enn andre. Menn som har sex med menn får tilbodet sidan dei ikkje har flokkvern gjennom barnevaksinasjonsprogrammet, seier smittevernoverlege Kari Stidal Øystese i ei pressemelding.

Folkehelseinstituttet har eit overskotlager av HPV-vaksinen Gardasil, og det er bakgrunnen for at nye grupper kan få den.

På grunn av avgrensa haldbarheit bør første dose takast seinst innan utgangen av november, melder kommunen.