I 2018 har vi fått inn mange lesarbrev frå innbyggjarar og folk som har tilknyting til Osterøy og Arna. I tillegg har vi også faste gjesteskribentar som leverar gode tekstar gjennom året.

Vi har samla lista over kva innlegg som har blitt mest lest.

1. Politiet er attende på Osterøy

I 2018 byrja Ole Kristoffer Tveiten i stillinga som tenestestadleiar ved politikontoret i Lonevåg. Han er blitt ein fast gjesteskribent i Bygdanytt, og det første innlegget blei desidert mest lest av alle innlegga på Bygdanytt.no. Innlegget ligg også på topp ti av alle saker som har blitt publisert i løpet av året.

I innlegget skriv politimannen at politiet på Osterøy skal tenkje førebyggjande i alt dei gjer, og at dei difor prioriterer overgrep mot ungar.

Les heile innlegget her.

2. Er det nokon som har pengar til låns

I 2018 fastslo politikarane i heradsstyret på Osterøy at tre skuleeigedommar, blant anna Hjellvik skulebygg, skulle bli selde innan 1. november og til takst.

Hjellvik skulebygg er taksert til 3,5 millionar, og fleire har peika på at taksten delvis skuldast at det er gjort mykje dugnadsarbeid og investeringar frå stiftinga bak Hjellvik montessoriskule.

Siren Borge Erstad skreiv dette innlegget i april, der ho spurte om nokon hadde pengar til låns.

«Me treng pengar for å kjøpe tilbake frå fellesskapet alt det me tidlegare har bidratt med til fellesskapet. Dersom fellesskapet (kommunen) ikkje no får betalt for noko dei allereie har fått, blir verdiane ikkje lengre felles», skreiv ho.

Les heile innlegget her.

3. Hjulene på bussen går ikke rundt

Siren Borge Erstad har atter ein gong levert eit innlegg som har skapt debatt og interesse.

Denne gongen er det innlegget «Hjulene på bussen går ikke rundt», der ho fortel om nokre bussturar som ikkje gjekk heilt som det skulle.

«Fortvilelse og irritasjon er ord som kommer fort fram når jeg hører ordet Skyss», skriv ho i innlegget.

Les heile innlegget her.

4. Klar for folkefest?

I april blei det arrangert NM i terrengløp i Haus.

Før arrangementet skreiv Bygdanytt-journalist Ronny Bertelsen eit synspunkt, der han skreiv at det var modig gjort å ta på seg så store oppdrag for eit lag som ikkje er spesielt stort i landsmålestokk.

Samtidig peika han på at dugnadsanda i Osterøy IL lever i beste velgåande.

«Ein fest som garantert vil setja både Osterøy og Haus på kartet på ein svært positiv måte», skreiv han.

Les heile innlegget her.

5. En annerledes skolestart

Krisztina Holen skreiv eit sterkt lesarbrev om forventningane til første skuledag og det å starte på skulen.

I lesarbrevet skriv ho om dottera som er ein av dei få som har lissencefali i Noreg. Dottera skulle byrja på Hamre grendaskule, og rektoren får skryt i lesarbrevet.

«Rektoren var rolig og ga meg noen blikk som gjorde at jeg har nå tro på at alt kommer til å ordne seg», skreiv ho.

Les heile innlegget her.

6. Snipp, snapp, snute

Både i 2017 og i 2018 skreiv Bygdanytt fleire saker om ei årelang byggjekonflikt mellom innbyggjar Georg Aasheim og Osterøy kommune.

Først slo politikarane fast at familien måtte riva eller seinka garasjen dei hadde bygd. Så kom meldinga om at dei heller ikkje fekk bygga einebustaden dei ville bygga.

Innlegget til Atle Henning Mjøs kom etter at Aasheim fekk stadfesta at han og familien fekk bygga huset sitt.

Kva er det med denne plassen i Mjeldalen - er det heilag grunn? spør Atle Henning Mjøs i kjølvatnet av Aasheim-saka.

Les heile innlegget her.

7. Eg er alterert!

I dette lesarbrevet skriv Lisbeth Solsvik Hjortland om foreldra sine. 3. mai 2018 hadde foreldra 66 års bryllaupsdag.

«Ikkje alle er så heldig at dei får vera ilag so lenge igjennom eit langt liv på 91 år. Retting: dei er ikkje ilag lengre. Det vil seia, dei får ikkje bu i lag», skriv ho.

Mora bur på heim, medan faren måtte bu heime.

«Mor mi spør omlag kvar gong vi er der ilag med pappa, kvifor dei ikkje bur saman. "E vi skilt då?", spør ho med redde og spørjande, gamle auge.»

Les heile innlegget her.

8. Born som vandrar gatelangs på internett

Det første innlegget frå tenestestadleiar Ole Kristoffer Tveiten er det mest leste innlegget i 2018, men også det andre gjesteskribent-innlegget til politimannen blei svært godt lest.

Her kjem han med ei viktig åtvaring til foreldre. Innlegget handlar om internett og farane som finst der.

«I dei mørkaste internettgatene luskar det, i stor grad menn, som ynskjer å pressa til seg bilete og videoar der borna utfører seksuelle handlingar», åtvarar Tveiten.

Les heile innlegget her.

9. Omorganisering i Osterøy

I dette innlegget skriv fleire av dei tilsette i Osterøy kommune at dei reagerer på prosessen i forbindelse med omorganisering i sektoren.

«Me kan ikkje stå taus og sjå på denne uretten som blir gjort overfor brukarar og tilsette», skriv dei tilsette.

Les heile innlegget her.

10. Bergenske tilstandar på Osterøy

«Det går over alle støvelskaft ute på øyne. Aldri har det vore så gale som det er no», skriv Bygdanytt-redaktør Eirik Langeland Fjeld i dette humoristiske hjørnesparket.

Vidare skriv han at ostringane før likte å humpa av gårde på traktoren sin, medan dei no krev bulkefri asfalt til teslaen sin.

Les heile hjørnesparket her.