I ei felles pressemelding går Osterøy i lag med Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Samnanger, Vaksdal og Øygarden ut med ei rekke fellestiltak.

Det gjer dei etter råd frå Folkehelseinstituttet og helseministeren.

Heimekontor og maksgrense i heimen

«Vi er ein felles bu- og arbeidsregion. Mange av innbyggjarane våre pendlar til og brukar kultur- og tenestetilbod i nabokommunar. Vi ser også at smitten vandrar over kommunegrensene. Smittesituasjonen vi har no er vår felles utfordring. Difor er det naturleg at vi gjer dette ilag.» står det i pressemeldinga, som blei sendt ut torsdag.

Kommunane jobbar med ei forskrift, som skal bli vedtatt i kvar kommune.

Heile lista over nye tiltak er ikkje klar opplyser kommunane, men desse vil bli gjeldande:

  • Ny maksgrense på 5 personer i privat heimar – det er unntak for familiar som er fleire enn fem og barn som er i samme kohort i barnehagen eller på barneskulen.

  • Påbod om heimekontor for alle som kan ha heimekontor.

  • Påbod om digital undervisning for høgskule og universitet.

  • Raudt nivå på vidaregåande skular.

  • Breiddeidrett for vaksne over 20 år blir stengt.

  • På same måte vil vi si nei til (til dømes) korøving og korpsøving for vaksne.

«Vi ønskjer å vere tydelege allereie i kveld, men vil understreke at vi ikkje er ferdige med alle vurderingar, og vil bruke kvelden og formiddagen i morgon på å kvalitetsjekke og sikre detaljane i det» står det i pressemeldinga frå Bergen, Osterøy og dei andre kommunane.

Osterøy hadde totalt fire tilfelle av korona-viruset i september og oktober. Så langt i november er det ikkje påvist koronasmitte på øya. Arna har registrert fem smittetilfelle så langt i november, medan det var fem i september og 24 i oktober.

Skryter av samarbeidet

Roger Valhammer og dei andre i kriseleiinga i Bergen har jobba på høggir. Torsdag var han med då dei nye tiltaka vart presentert på ein pressekonferanse i sentrum.

– Eg vil berømme våre naboar, som vi har hatt god dialog med i dag, men også tidlegare. Det har vore veldig velvilje til å tenke saman med ein bu- og arbeidsmarknad. Når vi har så mykje smitte som vi har i Bergen, så begynner det òg å spreie seg til nabokommunar, og ein begynner å få store tal i både Askøy og Øygarden og fleire. Det er berre eit tidsspørsmål før dei blir ramma hardare, mest sannsynleg, om vi ikkje får stoppa dette. Vi har eit felles ansvar og interesse av å lykkast, Roger Valhammer, til NRK.

– Det blir også lettare for folk når reglane er like overalt.