Ei stupbratt trapp fører opp til leilegheita. Med to små barn og ein skade etter trafikkulukke i heimlandet, er det ein slitsam og risikofylt aktivitet å koma seg trygt inn i heimen, men kvinna nemner ikkje det med eit ord. Ho er mest bekymra for den usikre framtida til barna. Foto: Oddrun Midtbø

Norske barn lever sine liv på asylmottak

I dag bur 17 norske barn på asylmottak spreidd rundt om i landet. Minst fire av dei budde på Arna asylmottak i fleire år. Desse barna stiller svakare enn dei fleste i samfunnet fordi dei fell utanfor alle kategoriar.