For å beskytte bebuarar mot koronasmitte har Osterøy kommune innført restriksjonar for besøk og arrangement ved Osterøytunet.

Dette gjeld og Solplassen bufellesskap og Hauge bufellesskap.

– På bakgrunn av nye retningsliner frå Helsedirektoratet ber me om at du ikkje går inn på Osterøytunet dersom du har, eller dei siste 14 dagane har hatt minst eitt av følgjande symptom, seier einingsleiar Åse Vevle til Bygdanytt og legg til:

– Hoste og/eller forkjøling, sår hals og feber.

Reglane gjeld uansett om ein har vore ute og reist eller ikkje.

Alle arrangement ved Osterøytunet vert avlyst foreløpig til 1. mai.

– Korleis kan de vere sikre på at besøkande ikkje har vore, eller er sjuke?

– Me må stola på at på dei som kjem heldt seg til informasjonen me har gitt, og generelle retningslinjer frå Folkehelseinstituttet. Om nokon lure på noko, kan dei ta kontakt med oss