– Naudetatane er på staden. Det er store materielle skader på ein personbil, melder politiet sin operasjonssentral i Bergen.

Ulukka vart meldt i 9-tida 1. juledag.

Isblokka som har ramla ned på E16 er på 2 X 2 meter.

– Slik eg har forstått situasjonen skal isblokka ha ramla ned akkurat i det bilen passerte. Føraren, som var aleine i bilen, skal prøvd å styra unna, og hamna i grøfta, opplyser Håkon Myking ved 110-sentralen til Bygdanytt.

Klokka 10.30 er status at føraren av bilen har fått tilsyn av helsepersonell og bilbergar har vore på staden.

På spørsmål om det er fare for at det ramlar ned meir is, svarer Myking, at det ikkje er meldt inn noko om det.

– Det er nok gjort ei vurdering, men så langt eg veit er vegen open og trafikken går som normalt no. Operasjonen av avslutta frå vår side, seier han.