Søndag 29.april brann det i den nye Ulrikstunnelen mellom Arna og Bergen sentrum.

No slår brannvesenet i Bergen alarm om tunnelen og melder at 95 prosent av den nye Ulrikstunnelen vil vera utan skikkeleg beredskap.

Dei vil kunna hjelpa til ved brannar og ulukker berre 200 meter inn i den åtte kilometer tunnelen. Dette melder NRK som først omtalte saka.

Kritisk i brev

I eit brev til Bane Nor, som NRK har fått tilgang til, retter brannsjef Leif Linde hard kritikk mot beredskapstiltaka i tunnelen.

Linde skriv at brannvesenet vil «mest sannsynlig ikke kunne ta seg frem til skadested for å bistå mennesker som har vært involvert i en hendelse».

«Effektiv redningsinnsats vil begrense seg til maksimalt 200 meter fra hydrant dersom det ikke tilrettelegges for transport av personell og materiell», skriv brannsjefen vidare i brevet, ifølge NRK.

Søndag 29.april brann det i den nye Ulrikstunnelen mellom Arna og Bergen sentrum. Foto: Ronny Bertelsen

– Ikkje godt nok

Ifølgje Linde har ikkje Bane Nor planar for vassuttak inne i tunnelen, og heller ikkje lagt opp til ordningar som gjer at brannvesenet kan ta med seg tilstrekkelege mengder vatn inn.

Brannhydrantane er tenkt plassert på utsida av tunnelopningane.

Linde meiner dette ikkje er godt nok og at det heller ikkje følgjer forskriftene.

– På det lengste er avstanden over 3,5 kilometer frå tunnelopninga. Det er altfor langt. Anten må det vera vatn gjennom tunnelen, eller så må det vera tankvogn med nok mengder sløkkevatn, seier Linde til NRK.

Han seier at brannvesenet ser svært alvorleg på saka og vil forfølga den så langt som råd, dersom Bane Nor ikkje legg til rette slik dei ønskjer.

Vil ikkje kommentera

Bane Nor seier til NRK at dei av tryggleiksmessige grunnar ikkje vil kommentera kritikken eller beredskapsløysingane som er skisserte.

– Bane Nor jobbar med å klargjera kva tekniske krav som gjeld og ansvarsfordelinga mellom oss og Bergen kommune. Bergen brannvesen sitt brev er eit innspel til denne pågåande prosessen, og endeleg løysing er ikkje avklara, skriv kommunikasjonsrådgjevar for utbygginga, Ingvild Eikeland, i ein e-post til NRK.

Eikeland understrekar overfor Bygdanytt:

– Bana Nor vil gjerne presisera at når Ulriken tunnel står ferdig, vil den vera blant dei aller tryggaste i landet med til saman 16 rømningstunnelar (for kvar 500. meter) mellom dei to parallelle tunnelløpene. Tryggleiken til passasjerane er alltid førsteprioriteten vår, medan det materielle, som til dømes toga, kjem i andre rekkje.

Foto: Mads René Trellevik