Etter ei noko grå helg, kan meteorologen no fortelje at det blir betre.

Riktig nok vil måndag og tysdag by på periodar med nedbør. Så er det venta betrakteleg finare vêr, skal ein tru prognosane.

– Våren er på veg, vi må berre gjennom litt rusk før den kjem.

Allereie frå onsdag av kan det sjå ut til at temperaturane går opp og at sola vil skine.

– Det er eit høgtrykk som først kjem litt nordaust for oss, mellom Sverige og Finland. Så strekk det seg og kjem mot Noreg. Det betyr stigande temperaturar og mindre skyar, seier ho og held fram:

– Om det held seg slik, så blir det fint vårvêr frå midten av neste uke av med temperaturar på rundt femten grader. Det har vore litt sprikande prognosar, men eg håpar verkeleg at dette slår til.

Tid for dekkskifte

Vinteren går mot slutten, og det betyr også at det snart er på tide med dekkskifte. Ifølgje Statens vegvesen er det ikkje tillate med piggdekk frå og med første måndagen etter 2. påskedag.

– Er det trygt å skifte til sommardekk no?

– Natt til måndag er litt i grenseland. På Osterøy viser prognosane at det berre blir to grader, seier Valved.

Ho meiner det tryggaste er å vente nokre dagar før ein skiftar til sommardekk, dersom ein har anledning til det.

– Det kan gå greitt å skifte i helga, men då må ein vere forsiktig og føle seg litt fram måndag ettersom det ikkje er så mange plussgrader.

Statens vegvesen skriv på si nettside at sommardekk ikkje skal brukast når det er vinterføre.