Styreleiar Birger Skår i Osterøy bruselskap AS er oppriktig lei seg for at han må koma med denne nyhenda.

— Akkurat som alle andre ostringane, hadde også bru- styret gleda seg til å la dei reisande køyra gratis over brua etter 1. april. Men vi har fått ei ekstrarekning i samband med Hauge-Lonevåg, og denne er årsaka til at vi må flytta datoen for når brua blir gratis til seinast 1. juli. Dette er sterkt beklageleg, men utanfor brustyret sin kontroll, seier Skår.

Ikkje signal

— Men det er lenge sidan Hauge-Lonevåg var ferdig. Kvifor kjem denne rekninga no?

— Det spør vi oss om også, men dette er noko Statens veg-vesen må svara på, seier Skår.

— Litt pinleg å måtta vera den som må koma med den dårlege nyhenda?

— Dette er ikkje noko kjekt. Når det er sagt, så vil eg presisera at eg i heradsstyret la til at det einaste usikre var Hauge-Lonevåg-kostnaden, men at vi inntil nyleg ikkje hadde fått signal om at det ville bli ei ekstrautgift.

Spleiselag

Arbeidet med fylkesvegen på strekninga Hauge-Lonevåg var kostnadsrekna til 223,4 millionar 2009-kroner, der vel 109 millionar er statlege løyvingar, 8 millionar frå kompensasjonsmidlar og resten er bompengar. Bodskapen frå Statens vegvesen har heile tida vore at prosjektet ville halda seg innanfor kostnadsramma, trass i auka kostnader mellom anna i tunnelen.

Den opphavlege planen var at Osterøybrua skulle ha vore nedbetalt i slutten av oktober 2014, men først og fremst fordi nye prosjekt som Hauge- Lonevåg også er finansiert av dei reisande, måtte dette utsetjast til 1. april. Dette var også datoen Skår orienterte heradsstyret om for ikkje så lenge sidan. I denne orienteringa tok Skår atterhald om at sluttrekninga for Hauge-Lonevåg enno ikkje var komen på bordet.

Helge Sandvik i Statens vegvesen opplyser til Bygdanytt at det ikkje er uvanleg at det ei tid etter at eit prosjekt er ferdig blir gjort ei avrekning for å få med alle kostnadene og oppsummera kor mykje dei som skal betala har betalt.

No er alt med

— No er vi sikre på å ha fått med oss alt av kostnader og rekna nøye ut kor stor del av totalkostnaden som skal betalast av dei reisande. Summen vi kom til var 5,2 millionar kroner, og det er ein svært liten sum for eit så pass stort prosjekt som dette. Så dette er heilt udramatisk, seier Sandvik.

— Og du kan garantera at det ikkje kjem fleire utgifter?

— Ja, vi er trygge på at alt er kome med.

— Kva skjer dersom det viser seg at de har tatt for hardt i?

— Dersom dei reisande har betalt for mykje, vil denne summen bli brukt på vegane på Osterøy, forsikrar Sandvik.

Brustyret sitt val

— Men det er uansett kjedeleg for ostringane å måtta betala bompengar fleire månader ekstra?

— Det er brustyret sitt val å kommunisera denne datoen før avrekninga er klar, men eg vil presisera at ostringane ikkje berre har fått bru og Tirsåstunnelen, men også Hannisdalslina og Hauge-Lonevåg i dette prosjektet. Vi må også ha i bakhovudet at trass i at trafikken har auka mykje, har ikkje inntektene auka like mykje. Dette heng mellom anna saman med at mange forskotsbetalar og får høg rabatt, samt ein del elbilar. Alternativet til å forlenge bompengeperioden var å auka takstane, men summen det var snakk om var litt for liten til at dette var eit fornuftig alternativ. Konklusjonen var at å forlenga perioden med nokre få månader var ei meir skånsam løysing for dei reisande, seier Sandvik.

— Kunne de ha funne ut av dette før?

— Det var i alle høve no vi fann det ut. Summen var klar først i førre veke, opplyser Sandvik.