Ei 100 år gamal kalkgruve i fjellet bak Trengereid, med gruvesjakter og eit nett av tunnelar, skapar trøbbel for ny E16.

Delar av gruvesystemet kan nemleg vere i konflikt med dei traseane Statens vegvesen har planlagt for ny E16 og nye Vossebanen.

Det melder NRK.

I verste fall kan det bety at traseane må bli flytta.

– Vi kan ikkje endra for mykje fordi vi skal ut i eit vegkryss på Trengereid. På eit eller anna vis må vi gjennom gruveområdet, men vi trur at vi ligg eit godt stykke under gruvene med tunnelane våre. Det er dei loddrette sjaktene vi må vite meir om, seier senioringeniør Olav Lofthus i Vegvesenet til NRK.

Har du fått med deg desse sakene?

Ettersom dei karta som finst av gruvene er teikna for hand, må det geologiske undersøkingar til. Om det vil resultere i at prislappen for ny E16 vil auke, er enno usikkert.

Gamle gruver har dukka opp der ny E16 skal kome. Foto: Privat