Ein kald start på veka - men no vert det mildare

Meteorologen lovar mildare vêr denne veka, men trur likevel snøen vil verta liggjande.

Illustrasjonsbilete.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

– I kveld kan det koma nokon snøbyger, i morgon kjem det òg snøbyger særleg frå ettermiddagen. Ytst på kysten kan det verta sludd.

Det seier Aslaug Skålevik Valved, vakthavande meteorolog ved meteorologisk institutt i Bergen måndag.

– Vil smelta sakte

Veka starta kaldt på måndagen, men Skålevik Valved trur dette vert den kaldaste dagen på ein stund. Ifølgje ho vil temperaturen stiga i dagane som kjem.

– Trenden fram mot helga er at det vert mildare. I dag har vi vore litt på minus-sidan, men på onsdag ser det ut til at dette vil bikka over. Det vert ein temperaturstigning opp mot to plussgradar, seier ho.

Meteorologen trur likevel at snøen vil halda seg på bakken.

– Det vil nok smelta litt sakte, men det som er kome vil nok verta liggjande ein stund.

Måndag og tysdag vil ifølgje ho verta mye skyer og vind. Tysdag kan by på liten til stiv kuling på kysten. På torsdag og fredag er det derimot venta oppholdsvær.

Publisert: