Rådmannen: Varselet handtert i tråd med retningslinene

Rådmann Ingvild Hjelmtveit opplyser at kommunen har handtert varselet i tråd med retningslinene på området.

Rådmann Ingvild Hjelmtveit i Osterøy kommune tykkjer det er fornuftig at Arbeidstilsynet gjennomfører eit tilsyn i barnevernet og varslingsutvalet.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

– Denne saka er handtert grundig av varslingsutvalet i tråd med retningslinene, og alle partar har fått koma til orde. Utvalet har funne kritikkverdige forhold, men det er ikkje snakk om brot på Arbeidsmiljølova, seier Hjelmtveit.

Les også

Formannskapet har sendt varslarsaka til Arbeidstilsynet

– Kommunen har gjort det kommunen skal gjera?

– Ja. Eg er einig i at dette er ein tøff og fastlåst konflikt, og ei vanskeleg sak. Vi har også kopla på bedriftshelsetenesta, så saka er følgd grundig opp. Vi har sett inn ei rekkje konkrete tiltak sidan juni for å betra situasjonen, og alt for to år sidan hadde vi inne eksterne konsulentar for å gå gjennom rutinar og samarbeid, seier Hjelmtveit.

– Ingen raske løysingar

– Kva tykkjer du om at varselet no blir sendt til Arbeidstilsynet?

– Det er fornuftig, for det kan bidra til ein ekstra tryggleik for at vi har gjort det vi skal gjera. Det er ingen raske løysingar i slike saker, og eg håpar verkeleg vi så raskt som mogeleg skal greia å gjenopretta arbeidsroen, slik at energien blir brukt på å gjera arbeidsoppgåvene.

– Har saka vore negativ for kommunen?

– Alle slike konfliktar er negative for arbeidsmiljøet, og ekstra negative i mindre miljø. Vi har verkeleg prøvd å strekka oss for å finna løysingar i denne saka, og det er trist vi ikkje har klart det. Men arbeidsgjevar greier ikkje å løysa slike konfliktar åleina, seier Osterøy-rådmannen.

Publisert: