– Dette ser ut til å bli ei ganske grei veke, meiner meteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Meteorologisk institutt.

Mange er nok spente på korleis vêret blir måndag ettermiddag når Arnaløpet blir arrangert.

– Eg trur det blir ganske greitt vêr i dag. I ettermiddag blir det opphaldsvêr. Det kan kome eit par drypp, men det er veldig små mengder. Så det er fine forhold for Arnaløpet, fastslår Fagerlid.

Variert vêr

Tysdag er det venta små mengder regn først på dagen, før det går over til finvêr resten av dagen og temperaturar på 15-17 grader.

– Fint haustvêr får vi kalle det.

Onsdag blir derimot ikkje så fin. Det skal byrje bra, med stigande temperaturar.

– Det kan bli opp i 20 grader, men så skal det bøtte ned ein del i løpet av ettermiddag og kveld, seier Fagerlid og held fram:

– Det vil kanskje kome rundt 20 mm nedbør i løpet av kort tid, så skal det roe seg att. Så onsdag blir ein variert dag, med varmt og fint vêr først og kraftig regn på ettermiddag og kveld.

Godt nytt for festival-publikum

Så snart onsdagen er over, ser det ut til at vi går tilbake att til ein finare vêrtype. Prognosane er gode nyheiter for festivalpublikummet som skal på Låveleik i Arna denne helga.

– Fredag og laurdag kjem det eit høgtrykk over Sør-Noreg som gir stigande temperaturar og ganske fint vêr både fredag og laurdag, fortel meteorologen.

Truleg kan ein få sol og mellom 15-20 grader fredag.

– Laurdag er litt meir usikker. Det ligg an til fine temperaturar, men litt meir skyar. Det kan kome litt regn, men det er små mengder.

Ifølgje Fagerlid kan vi få vått vêr neste veke, men prognosane er framleis usikre.