Terje Olsen har sagt opp jobben sin som ansvarleg redaktør og dagleg leiar i AS Lokalavisene, selskapet som eig Strilen, Bygdanytt, Vestnytt og Askøyværingen.

Olsen går i løpet av sumaren vidare til ny jobb som dagleg leiar i Avisa Hordaland på Voss og Vaksdalposten i Vaksdal.

Redaktør i Strilen og Bygdanytt, Eirik Langeland Fjeld, er frå måndag 14. mai konstituert som ansvarleg redaktør for desse to avisene. Marit Kalgraf er konstituert som ansvarleg redaktør for Vestnytt og Askøyværingen frå same dato.

- Lesarane kjem nok ikkje til å merke noko til denne endringa i leiinga i Bygdanytt. Vi har høge ambisjonar for morgondagen. Det hadde vi óg i går, seier Fjeld.

Han lovar å satse vidare på 100 prosent lokale nyhende aust for Ulriken.

Bygdanytt har dei siste åra hatt ei positiv opplagsutvikling. Medan dei fleste av lesarane vil ha avisa i papirutgåve, har Bygdanytt no om lag 1200 digitale abonnentar.