Her er spørsmålet det nok er mange som stiller seg like før julaftan: Blir det ei kvit jul?

Me har spurt statsmeteorolog Mette Sundvor Skjerdal.

– Julaftan er framleis litt usikker. Det blir sannsynlegvis nedbør seint på føremiddagen. Då er det framleis kaldt, så det kan koma i form av snø. Så blir det varmare utover dagen. Dersom det blir snø, går det raskt over til regn.

Snø før jul?

Her hjå oss i ytre strøk, kan det bli regn heile tida. Det heldt fram utover romjula. I dagane fram mot jul kan me få glimt av den kvite jula mange ønskjer seg.

– På laurdag går temperaturen litt ned. Så kjem det nedbør utover ettermiddagen. Det skal vera såpass kaldt at det kan koma som sludd eller snø, sjølv i dei ytre strøka.

Mindre regn enn normalt

I desember så langt har det vore tørrare enn normalt. Det får me kanskje svi for i romjula.

– Det vil vera ein del vind frå vest i tillegg til at det vil regna. Det blir nedbør, med plussgradar, utover i romjula.

– Kva med nyttårsaftan?

– Det er framleis får tidleg å seia noko om nyttårsaftan, men me kan jo håpe på opplett, seier Skjerdal optimistisk.