Julekvelden nærmar seg, men det gjer også lågtrykka.

For dei som ønskjer å halda på vona om ei kvit jul er det berre å klikka seg inn på noko anna, for statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid ved vêrvarslinga på Vestlandet kallar ein spade for ein spade.

- Det ser trøysteslaust for dei som drøymer om kvit jul, seier han.

På fredag er det nokre moglegheiter for enkelte snøfiller på våre kantar, men dagen etter, på veslejulaftan, skal det hølja ned.

- 7-8 plussgrader, kommenterer Fagerlid.

På sjølve julaftan strekker meteorologen seg til 10-20 prosent sjanse for litt snø på morgonen, men denne vil uansett regna vekk utpå dagen når neste regnfront treff oss frå sør.

- Men romjula då?

- Endå mildare. Rundt åtte grader 1. juledag. Og regn.

Og slik ser det ut til å bli vidare i romjula også. Det er ingen kulde på veg så langt meteorologauga kan sjå.