Naudetatane fekk melding om ulukka kl. 14.22, laurdag ettermiddag.  Ein bil hadde krasja i fjellveggen på Gullbotn, ikkje så langt frå turistheimen som ligg langs vegen.

Føraren av bilen er lettare skadd etter ulukka, medan kvinna, som var passasjer, er alvorleg skadd, melder Haukeland universitetsjukehus i ein pressemelding.

Begge er 24 år gamle.

Operasjonsleiar i politiet, Terje Magnussen, opplyser til Bygdanytt at ein mistenkjer at bilen hadde høg fart.

- Førarkortet til mannen som førte bilen er beslaglagt, seier Magnussen.