110-sentralen opplyser klokka 17.38 at to bilar er involvert i ei trafikkulukkke på Arnatveit. Ulukke skal ha skjedd i nærleiken av krysset til Hardangervegen.

– Det er snakk om ein påkøyrsel bakfrå. To personar klagar over smerter nakken eller i ryggen. Ein antar at dei er lettare skadde, opplyser operasjonsleiar i politiet, Terje Magnussen til BA.

Det skal vera snakk om mindre materielle skadar.

Då Bygdanytt kom til skadestaden ønskte ikkje politibetjent i Bergen Nord, Kari Eliassen, å utdjupa meir om kva som kan ha ført til ulukka.