Om lag ved 15-tida fredag støtte to køyrety borti kvarandre ved Bjørkhaugtunnelen i Ytre Arna, meldte Vegtrafikksentralen.

Det var ikkje snakk om personskadar, men dei involverte bilane fekk skadar.

Det førte til svært saktegåande trafikk i retning sørover, og ein del bilistar valde å ta gamlevegen om Ytre Arna sentrum i staden.