Køyre eller ta tog eller buss 17. mai? Då bør du lese dette.

Det er fleire ting du bør vere klar over før du drar på nasjonaldagen.

Både tog- og bussrutene blir endra på nasjonaldagen.
  • Siv Berg Lutro
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel
Les også

17. mai-program for Arna og Osterøy 2018

Bergen sentrum blir sperra for trafikk mellom klokka 07.00 og 24.00 på nasjonaldagen.

Bergen kommune ber om at folk avgrensar bilbruken også i områder utanfor det avstrengte området.

Reisande blir også oppmoda til å velje kollektivtransport framfor bilen.

NSB køyrer tilnærma laurdagsruter 17. mai. I tillegg har dei sett inn ekstra tog frå Arna klokka 08.52 og 09.25 til Bergen.

Les også

Slik blir 17. mai-vêret

– Det er stor pågang denne dagen, då det er mange frå Arna som reiser til Bergen for å delta i feiringa av dagen der, seier Henning Lirhus, marknads- og kommunikasjonssjef i NSB Vest til Bygdanytt.

Her kan du sjekke når toga går laurdag.

Skal du ta bussen, er det også endringar i ruteprogrammet til Skyss. 17. mai er det nemleg søndagsruter i heile Hordaland.

I Bergen vert det i tillegg køyrt ekstra avgangar i samband med 17. mai-arrangement i Bergen sentrum, opplyser Skyss på si nettside.

Her kan du sjekke bussruta for 17. mai.

Publisert:
  1. 17. mai
  2. Arna
  3. Bergen
  4. Buss
  5. Trafikk

Mest lest akkurat nå

  1. Steinnedfall mellom Skaftå og Bruvik

  2. Fylket opplever klagestorm om denne vegen – slik svarer dei

  3. – Ferjesambandet gir i dag eit heilt nødvendig kollektivtilbod

  4. Arna-Bjørnar fikk juling på hjemmebane

  5. Planen for Haus sentrum er klar. Dette er hovudpunkta

  6. Desse vegane i Arna får nytt dekke