Det var i fjor sommar dei to bestevenene Christianne Rasmussen og Trygve Brørvik tok turen til Gammersvik på Osterøy, mellom anna for å fiska. Brørvik er frå Gammersvik og kjøpte eit hus er i fjor som han bruker som hytte.

Begge elskar både å fiska og eta fisk, men Brørvik har eit ganske stort problem. Rasmussen fortel at han slit skikkeleg når fisken skal sløyast.

Berre den første

– Er det så ille?

– Ja. Korkje han eller eg greier å ta fisken av kroken når vi får fisk. Og vi fekk ni då vi var ute og fiska. Vi hadde med oss ein til på fisketuren, og han fekk oppgåva med å ta fisken av kroken. Trygve tok på seg oppgåva med å sløya fisken for å visa at han er mann, men vi ser jo alle korleis det gjekk, ler Rasmussen.

– Kva er det som er så ille med fisken?

– Han er livredd å ta i fisken fordi den får krampar etter at ein har tatt livet av den. Det fiksar han ikkje. Han hatar også augo på fisken, så det går langt betre med sløyinga så snart hovudet er skåre bort, seier Rasmussen, som presiserer at det er den første fisken som er den verste for Brørvik.

Det var BT som først omtalte saka.

Blei overtalt til slutt

– Du skriv på Facebook at du brukte fem månader på å overtala han til at du kunne legga ut videoen. Korleis let han seg overtala?

– Han seier jo på videoen at den aldri skal på Facebook. Det har vore like før han har lete seg overtala fleire gonger, men så har han angra seg. Sist helg såg vi videoen nok ein gong saman med ein kompis, og alle tre lo så vi grein. Då blei han overtala til at eg kunne publisera videoen. Og så tok det heilt av.

– Du hadde neppe venta at videoen no er sett av over 300.000?

– Nei. Vi visste jo at videoen var morosam, men ikkje så morosam at fleire journalistar ville ta kontakt for å høyra historia og visa videoen. Det har vore i overkant mykje merksemd, men moro likevel.

Ny fisketur

– Og hovudpersonen tar merksemda med fatning?

– Ja, han tar seg ikkje så høgtidsamt. Det har kome svært positive tilbakemeldingar på facebook, sjølv om somme rett nok handlar om at han er pinglete. Det er han ikkje, forsikrar Rasmussen.

– Blir det fleire fisketurar der kamera på telefonen vil gå?

– Det blir ny fisketur til sommaren, og sløyinga vil bli filma. Kanskje det blir ein oppfølgjar, ler Rasmussen.