Nyleg omtalte Bygdanytt at ein barnevern-tilsett i Osterøy kommune hadde varsla om kritikkverdige forhold på jobb, som uforsvarleg arbeidsmiljø, mistillit mot leiar i barnevernet og brot på arkivlova.

Dette blei tatt opp i eit møte mellom varslar, varslingsutvalet og verneombodet i kommunen i mars.

Referatet frå møtet blei i ettertid lagt ut offentleg på kommunen sin postliste, der varslar blei identifisert med fullt namn. Det trass i at kommunen sjølv hadde vurdert innhaldet i referatet til å vere unntatt offentlegheita.

Det var først då Bygdanytt gjorde kommunen oppmerksam på dokumentet, at dei fjerna det frå postlista.

– Viktig å beskytte identiteten

Birthe Eriksen i ADI Advokater AS har spesialisert seg innan arbeidsrett, varsling og personvern. Ho fortel at personvern blir ein stadig viktigare del i varslingssakar.

– Her har det skjedd eit brot på personopplysningslova. Det er strenge reglar om personvern, så personvernombudet skal i alle fall på bana, seier Eriksen til Bygdanytt og held fram:

– Kommunen må og vurdere om dei har meldeplikt til Datatilsynet. Kommunen skal ha eigne retningsliner som regulerer kva dei skal gjere når det skjer lovbrot.

Ho meiner at ved å eksponere namnet til varslaren, aukar risikoen for gjengjelding.

– Det er difor veldig viktig å beskytte identiteten til varslaren.

Kommunen stoppar all saksbehandling

Berit Rystad, fungerande rådmann i Osterøy kommune, seier det usladda dokumentet får konsekvensar for all saksbehandling i kommunen framover.

– Vi ser kjempealvorleg på dette. Vi har stoppa publisering i postlistene til vi kan sikre at det ikkje skjer igjen, seier Rystad.

Tor Asle Skiple, leiar for stab, støtte og utvikling i Osterøy kommune, fortel at dei har undersøkt grundig kva som har skjedd.

– Dette er noko vi tar svært alvorleg og noko vi absolutt ikkje ønsker skal skje. Vi blei overraska når det skjedde og det kunne først tyde på ein teknisk feil ved publisering av dette eine dokumentet, seier Skiple.

– Vi ser kjempealvorleg på dette, seier Berit Rystad, fungerande rådmann i Osterøy kommune. Foto: Anders Totland (arkiv)

Jobbar for at det ikkje skjer igjen

– Det viste seg ikkje å vere ein teknisk feil, men at det har blitt oppretta ein offentleg versjon av dokumentet som har blitt publisert. Funksjonen som gjer det mogeleg er tatt bort no, slik at dette ikkje skjer igjen, seier Skiple.

Han legg til at dei no går igjennom systemet for å sikre at det ikkje har skjedd med andre dokument.

Då Bygdanytt først intervjua Skiple, sa han at saka var meld til personvernombudet i kommunen og at dei ville varsle Datatilsynet om hendinga. Seinare opplyste han om at saka no var blitt meldt til Datatilsynet.

Ser ofte alvorleg informasjon blir delt

Ifølgje varslingsekspert Eriksen er det ikkje uvanleg at ein varslar blir identifisert i alvorlege saker.

– Det er sjeldan vi ser varslingssaker der det ikkje skjer brot på personopplysningslova. Det er for lite kunnskap og for lite medviten om det.

– Og ofte er det alvorleg informasjon som delast. Det er dessverre mange alvorlege varslingssaker i heile kommune-Norge som ikkje blir handtert slik dei skal.