– Eg har hatt det liggande i huset i årevis og trudde det var ein reiskap som vart brukt til å slå ned tråd på veven, seier finnaren Johnny Ove Birkeland til Bygdanytt.

Finnarar, Johnny Ove Birkeland, synst det er spennande å tenke på historia til sverdet. Foto: Privat

Jernsverdet vart overlevert til fylkeskonservatoren i Hordaland fylkeskommune 14. juli i år.

Fylkeskommunen opplysar at sverdet truleg er frå eldre jernalder og såleis meir enn 1500 år gamalt.

– Følte at det var noko spesielt

Då jernsverdet blei overlevert til fylkeskonservatoren 14. juli i år, kunne finnaren Johnny Ove Birkeland opplyse at sverdet kom fram i samband med graving under husgrunnen til det gamle våningshuset på garden på slutten av 1970-tallet.

– Metallet i sverdet er godt bevart, og må ha lege i rimeleg tørre og lufttette omgjevnadar. Om ikkje dette er eit svært merkeleg tilfelle av heimesmiing på garden ein gong før gamlehuset blei reist, så kan sverdet vere svært gamalt, seier arkeolog Tore Slinning hjå fylkeskonservatoren.

Birkeland fortel at han var i kontakt med Osterøy museum og andre instansar då gjenstandane blei funnen på slutten av 70-talet.

– Eg har søkt på vevsverd og funne noko som liknar på dette. Eg har forsøkt å få svar fleire gonger og følte at det var noko litt spesielt med tinga eg fann, seier Birkeland.

Fleire gjenstandar

Birkeland opplyser til Bygdanytt at han i tillegg til sverdet, òg fann sju-åtte krittpiper, ein spinnestein og det som ser ut til å vera ei støypeform til eit smykke.

Då han nyleg kom i kontakt fylkeskonservatoren og skildra eit sverd, blei det slått «jernalder-alarm».

– I ein ellerannan samanheng tenkte eg at eg skulle byrje å søke igjen. Då fekk eg ein reaksjon frå arkelogane, som tok tak i det og då blei det alvor.

Fleire funn på Osterøy

Korleis sverdet havna på Osterøy og i jorda på Birkeland er vanskelig å seie.

Hordaland fylkeskommune opplyser at sverdet liknar på eit sverd som blei funne i ein gravhaug i Skåna i Sør-Sverige i 1855 . Etter beregningene stammar dette funnet frå rundt år 450 e.Kr.

Lengre vest på Osterøy, på garden Halland, har det tidlegare blitt funne eit spesielt sjeldan sverd i nordisk samanheng, som ein meiner kan vere kring 2500 år gamalt, opplysar Hordaland fylkeskommune.