Gladmelding frå meteorologen

Legg vekk ytterjakka, no kjem sommarvarmen tilbake!

Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel
Les også

Sa ja midtfjords på kjærleikens ferjereise

Starten av årets sommar har ikkje vore mykje å skryte av.

Juni i år har hatt 50 prosent meir nedbør enn normalen, og er dermed den åttande våtaste junimånaden sidan 1900, melder Meteorologisk institutt.

Førre månad kom det totalt 247 mm nedbør på Gullfjellet, mot berre 188,2 mm nedbør i juni i fjor.

Les også

Emilie Nautnes jaktes av «hele Norge»

Ifølgje NTB har dårleg sommarvêr resultert i mindre omsetnad av iskrem, men desto meir av sjokolade.

Men no ser det heldigvis ut til at vi kan pakke vekk varme ytterjakker og sjokolade, og heller hente fram solkrem og is.

Dette lovar godt! Skjermdump: Yr.no

– Det blir eigentleg ganske bra framover, seier meteorolog Haldis Berge ved Meteorologisk institutt.

Starten av dei neste dagane vil riktig nok by på nokre skyer, før sola skal kome fram.

Les også

800 mennesker på Tyssemarknaden

Og det er fare for ei lita ettermiddagsbyge i indre strøk, men alt i alt er det venta ein del sol framover.

– Slik blir vêret eigentleg til og med søndag, konkluderer meteorologen.

  • PS: Send oss gjerne dine sommarbilete! Merk bileta med #Bygdanytt på Instagram eller send dei til bn@bygdanytt.no

Berge fortel at det blir lite vind dei neste dagane.

– Stort sett skiftande eller nordleg bris, forklarar ho.

– Blir det fint også etter søndag?

– Ja, det er gode sjansar for det. Prognosane er meir usikre frå måndag og tysdag av. Det er nokre frontar som er litt meir nærgåande då, seier meteorologen og legg til at det kan vere at frontane ikkje vil passere Osterøy og Arna.

Foreløpig viser Yr.no periodar med sol fram til torsdag i neste veke.

– Korleis blir temperaturen?

– Temperaturen vil gå litt opp. Dei varmaste dagane bli torsdag og fredag, og så vil temperaturen gå litt ned igjen anten laurdag eller søndag, seier ho.

Truleg kan vi vente oss opp mot 23 varmegrader på det meste, men det vil bli noko kaldare på kysten.

Publisert: