Det har vore heitt og varmt denne sommaren. Den usedvanleg fine sommaren resulterte mellom anna i lengre periodar med stor skogbrannfare og ein skogbrann på Osterøy i slutten av juli.

No er vi derimot tilbake til det vanlege, kan meteorolog Lars Andreas Selberg meddele.

– Det blir mykje grått og vått, det er i alle fall sikkert, fastslår han.

Våte dagar i vente

Tysdag blir det stort sett skyar og moglegheiter for nokre glimt av sola. Men allereie onsdag kjem regnet.

– Ja, tidleg onsdag vil det nok byrja å regne. Det kjem til å regne ganske bra, ser det ut til, fortel han.

Seint onsdag kveld og tidleg torsdag ser det ut til å bli opplett, før regnet kjem tilbake att.

– Fredag dannar det seg eit lågtrykk vest for Danmark, som går innover Vestlandet, som betyr at det kan kome ein god del regn igjen.

– Så det blir regn, regn og meir regn denne veka?

– Ja, regn, regn, regn og litt opplett innimellom, ler han.

– Behov for regn

Korleis vêret blir i helga er framleis noko usikkert.

Prognosane er enno usikre, men Selberg kan fortelja at det ligg an til å bli ein del nedbør også laurdag.

– Det er mogleg at det blir lettare vêr laurdag kveld, men det ser ut til at det blir meir nedbør søndag igjen.

Slik prognosane er no er det først på tysdag neste veke at vi kanskje kan få ein dag med fint vêr.

Men med den sommaren vi har hatt i år, meiner meteorologen at det er bra at vi får ei veke med nedbør.

– Det er behov for litt regn no. Eg trur det er ein del som er glad for dette varselet, spesielt bøndene, avsluttar han.

6. august blei vatnsparinga og vatningsforbodet på Bruvik oppheva, melder Osterøy kommune.