Det seier trafikkoperatør Tom Hansen ved Vegtrafikksentralen.

Fleire meldingar

Han peikar på eit eksempel frå Rogaland i morgontimane.

– Vi fekk melding frå ei kvinne som sa at temperaturmålaren i bilen viste pluss fem gradar, medan ho og bilen hennar seilte av sted på glatta, seier Hansen.

Vegtrafikksentralen har mellom anna fått melding om glatte vegar på Osterøy i natt. Det har også vore fleire meldingar frå Nordhordland.

– Det har mellom anna vore glatt både på Osterøy, ved Rossland, på Radøy og på E39 ved Kringa, mellom Matre og Instefjord. I 03-tida hadde vi alle strøbilar ute på vegane, fortel Hansen.

Køyr pent

Trafikkoperatør Hansen ber trafikantar om å vere på vakt, sjølv om det er plussgradar og bar veg.

– Det kan vere glatt likevel. Det er nok ikkje snakk om underkjølt regn, men meir det at regnet frys når det kjem ned på bakken. Det er viktig at ein tar det litt ekstra pent og køyrer etter forholda. Eg reknar med at det vil bli betre i løpet av nokre timar, seier han.