No kjem sommarvarmen tilbake - spår over 30 grader fleire stader

Til veka skal regnet gi seg - og ein dag blir det spesielt varmt.

  • Kristina Bøland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Helga har vore prega av regn i Arna og Osterøy. Slik blir starten på veka òg.

– På måndag er det venta eit nytt nedbør, med mykje regn og yr. Tysdagen byrjar òg med det, men på ettermiddagen blir det opphaldsvêr, seier meteorolog Steinar Skare ved meteorologisk institutt.

Midt i veka skal nedbøret gi seg og finværet vil gjera eit comeback.

– Onsdagen ser veldig fin ut, med sol og 23 grader. Torsdag og fredag kan òg bli nokre fine dagar, seier Skare.

Les også

Ein smak av Syden i Hegglandsvika

Han fortsetter;

– Det ser ut til at fredagen blir spesielt varm. Vi spår 25 grader, men det kan bli høgare temperatur enn det, det skal ein ikkje sjå bort frå.

Prognosane på nett er endå meir positive enn meterologen.

Langtidsvarselet til Yr.no viser at det kan bli heile 30 varmegrader i Arna på fredag. Det same viser Storm.no.

På Osterøy ser det òg fint ut. Storm.no spår 30 grader i Lonevåg og 31 grader i Fotlandsvåg og på Bruvik fredag.

Publisert:
  1. Vær
  2. Sommer
  3. Osterøy
  4. Arna

Mest lest akkurat nå

  1. Bakerigiganten flyttar ut av bygda: – Sjølvsagt er det vemodig

  2. Høgreekstrem gruppe bolta fast propagandaskilt: – Slikt høyrer ikkje heime her

  3. – Ungdomslaget står i faresonen