I april vart 15 nye bomstasjonar sett i drift. Innan utgangen av mai vart det kravd inn 88 millionar kroner ved desse stasjonane, i tillegg til 84 millionar frå dei gamle bomstasjonane, skriv Bergens Tidende.

– Dette var det vi hadde antatt, seier Solveig Paule, sekretariatsleiar for Miljøløftet, som har ansvaret for bompakken – og for prosjekta pengane skal brukast til.

Gjennom 20 år skal det krevjast inn anslagsvis 20 milliardar kroner til mellom anna bybane til Fyllingsdalen og Åsane, sykkelvegar og andre kollektivløysingar. Med 173 millionar i bominnbetalingar på rundt to månader, ligg bergensarane an til å komme opp i rundt ein milliard i året.

– Vi synest det er bra at vi har treft på utrekningane, for det tyder på eit godt forarbeid. Så langt konstaterer vi med at vi er i tråd med utrekningane når det gjeld trafikktal og inntekter, seier Paule.

Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) er òg fornøgd med at prognosane stemmer. Samtidig vil han halde fram å jobbe for at staten tar ein større del av rekninga. Det må til dersom bompengebehovet skal bli mindre, seier han.