– Eg har eit ønske om å vere meir synleg og tilgjengeleg i Arna, stråler sokneprest Kristin Hjertaker (52). Sundag skal ho ønskje velkomen til 80 nye konfirmantar i Arna, og det skjer på parkeringsplassen ved Øyrane torg. Foto: Anders Totland

Flyttar gudsteneste ut av Guds hus og inn på Øyrane

Soknepresten i Arna kyrkje vil bli meir synleg blant folk i bydelen. Sundag blir det ei noko annleis gudsteneste på parkeringsplassen ved Øyrane torg.