NB! Denne saka var Bygdanytt sin 1. april-spøk i 2017.

Grenda Njåstad ligg vakkert til på Osterøy sitt tak. Området, som i dag er prega av landbruk, kan om få år bli Osterøy sitt nye industrieventyr. Under grastustane, djupt i berget, fins nemleg grunnstoffet thorium. I store mengder.

– Me har faktisk vore her fleire gonger for å kontrollmåla. Bergrunnen her er usedvanleg rik på thorium, stadfester Ingeborg Krohnstad i Statens strålevern.

Ny teknologi

Grunnstoffet, som også er kalla «den nye olja», er nemleg svakt radioaktivt, og i Halden er den først norske kjernereaktoren no i drift, med brenselstavar av thorium. Det første kjernekraftverket i landet er tenkt sett i drift i løpet av 2018.

– Folk blir gjerne urolege når dei høyrer ordet kjernekraftverk, men thorium er langt meir stabilt enn uran, forsikrar Krohnstad.

Store mengder

Til no er det Fensfeltet i Telemark som har fått mest merksemd. Thorium-forekomstane der rommar nemleg meir energi enn all olje og gass i Nordsjøen til saman. Men dei siste berekningane frå Statens strålevern tyder på at det er over dobbelt så mykje thorium på Osterøy som i Fensfeltet.

– Det som gjer Osterøy ekstra interessant er at det ligg nær storbyen Bergen og allereie etablerte kraftvegar på Vestlandet. Så det skal bli lett å få frakta all den energien vidare og ut på straumnettet, forklarar Krohnstad, som reknar med at konsesjonsarbeidet byrjar til hausten.

– Det er stor rift om å få bygga ut dette feltet, opplyser ho, men vil ikkje seia kva selskap som har meldt si interesse.

– Fekk bakoversveis

Svein Jarle Njåstad er største grunneigaren i området, og sjølv om han er bonde og glad i dyra sine, ser han likevel positivt på planane om kjernekrafterk på Njåstad.

– Ein blir jo litt lei av å vera bonde av og til. Så dette blir jo ein avveksling, seier den sindige gardbrukaren.

Geir Vassdal, som også eig grunn i området, legg ikkje skjul på at det også er interessant reint økonomisk.

– Eg fekk litt bakoversveis då eg fekk brevet frå strålevernet, seier Vassdal, som i utgangspunktet er imot kjernekraftverk.

– Men eg trur at dette blir heilt trygt, seier han.

LNF-område

Ordførar på Osterøy, Jarle Skeidsvoll (KrF), stadfester han har kjent til funnet i eit års tid.

– Njåstad er jo regulert som LNF-område. Men eg trur nok dei fleste partia, kanskje med unnatak av SP, vil gå med på ei omregulering. Me snakkar trass alt om mange hundre arbeidsplassar. Kanskje meir, seier han.

Saka om omregulering av Njåstad til næring skal opp i heradsstyret i mai. Byggetida til kjernekraftverket er rekna til nærare 10 år.