Klokka 07.34 fekk politiet melding om at ein bilist hadde krasja i ein lyktestolpe på Gullbotn. Ingen personar kom til skade i uhellet, men bilen fekk store materielle skadar.

– Det var glatt på staden då uhellet skjedde, og det var sommardekk på bilen. Bilførar er meldt for dette og det blir oppretta sak, opplyser politioverbetjent Endre Laukeland ved Bergen nord politistasjon.

– Legg om!

Laukeland oppmodar alle som ikkje har byta til vinterdekk om å vurdera om det er på tide på å gjera det. For ikkje så lenge velta ein mopedist på det glatte føret på Gaupås.

– No er det glatt særleg om morgonen, og ein har plikt til å syta for at køyretyet er skodd etter forholda. Framover er det meldt låge temperaturar og det kan også koma snø. Skadar ein andre fordi ein køyrer med sommardekk når det er glatt, kan ein venta seg eit lagt meir alvoreg oppgjer med politiet enn ei bot i postkassa, seier Laukeland.