Gladnyheit frå meteorologen - men det er ein ting du bør vera obs på i påska
Sol, varme og ikkje ein drope regn står på vêrmenyen denne påska. Men meteorologen åtvarar: – Det er fort gjort å starta ein brann i gras eller lyng.
– Det ser veldig fint ut, seier vakthavande meteorolog Frode Hassel ved Meteorologisk institutt fredag morgon.
Det er mykje sol og fint vêr i vente denne helga og heile påska. Men på natta vil det vera kjølig.
Natt til fredag var temperaturane enkelte stader nede i fem minusgrader.
– Det vil også framover vera minusgrader om natta, men så kryp temperaturane oppover på dagtid, og vil ligga rundt 12–13 varmegrader. Frå torsdag neste veke og utover blir det i overkant av 15 grader, seier Hassel.
For dei som tar turen i høgfjellet vil det bli litt kaldare også på dagtid.
– Der blir det minusgrader heile døgnet, men det vil vera fint sjølv om det er kaldt, seier meteorologen.
– Det blir i det store og det heile ei veldig fin påske, legg han til.
Fredag vil mange bulke bilen
– Fort gjort å starta ein brann
– Det blir ikkje noko nedbør?
– Eg trur vi slepp heilt unna nedbør denne påska, høgtrykket ligg nært oss heile tida.
Hassel oppfordrar folk til å vera forsiktige ute i naturen i ferien. Yr har nemleg sendt ut gult farevarsel for Vestlandet for lyng- og grasbrannfare.
– Den faren er ganske overhengande no, det er veldig tørr vegetasjon og det er fort gjort å starta ein brann i gras eller lyng. Det skal ein vera obs på.