– Vi får temperaturar på om lag 22–23 i bergensområdet dei første dagane, og så vil det halda seg rundt 20 gradar resten av veka, seier statsmeteorolog Frode Hassel ved Vervarslinga på Vestlandet til Bygdanytt.

– Kan du lova knallvêr også neste helg?

– Eg kan i alle lova svært fint vêr til og med fredag, men det er ikkje noko i progonosane i dag som skulle tilseia at det blir så store endringar. Det ligg nokre tåkebankar som vil koma inn til kysten, men korkje Arna eller Osterøy vil merka særleg til desse, seier Hassel.

For dei som treng litt avkjøling i form av vind, melder Hassel at det vil bli opp mot frisk bris frå nordvestleg retning.

No blir det badevêr att. Foto: Preben Vik

Bergen kommune har sjekka temperaturane i sjøen både ved Holmen, på Garnes og i Kalvtrevika. Holmen ligg best an med 15,2 gradar onsdag, medan Garnes og Kalvtrevika hadde høvesvis 13,8 og 13,5 gradar. Dei temperaturane vil nok auka noko i dagane framover.