Det er NRK som skriv at kommunen i seks år har brote norsk lov fordi Osterøy ikkje har hatt ein katastrofeplan dei kan bruka i samband med ulukker som den på Votlo torsdag i førre veke.

I 2011 kom forskrifta som pålegg norske kommunar å gjennomføra ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) for heile kommunen.

Purra fleire gonger

NRK skriv at i 2013 etterlyste Fylkesmannen i Hordaland ein slik plan, og purra fleire gonger i åra etter.

Fylkesmann Lars Sponheim seier til NRK at dei reagerer på at det har tatt så lang tid for Osterøy å laga ROS-planen, og også Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er kritisk og meiner at dette er uheldig.

DSB opplyser til NRK at to av tre kommunar i landet no oppfyller minimumskrava til ROS.

– I sluttfasen

Ordførar Jarle Skeidsvoll (KrF) opplyser at kommunen no er i ein god dialog med Fylkesmannen, og forklarer at det delvis er på grunn av manglande kompetanse internt i kommunen at arbeidet har tatt lang tid.

– Vi har ein beredskapsplan som er god. Den overordna ROS-planen manglar, men vi er i sluttfasen av arbeidet. Arbeidet skulle og burde ha vore fullført tidlegare, seier Skeidsvoll til NRK.

Sjølv om Osterøy ikkje har ein godkjend ROS-analyse på plass, får kommunen likevel ros for korleis dei har handtert krisa.