Ny runde med vatningsforbod

Osterøy kommune har innført vatningsforbod for alle tilknytta kommunalt vatn på Valestrand, Lonevåg, Hauge og Revheim frå og med fredag.

Frå og med fredag er dette ikkje lenger lov i store deler av Osterøy.
Publisert:
Denne artikkelen er over fem år gammel

Årsaka til at kommunen innfører restriksjonar på bruken av vatn heng saman med den langvarige tørken. Og i tida framover er det lite som tyder på at det vil koma særleg mykje nedbør.

Les også

Osterøy utvidar vatningsforbodet

Forbodet inneber at ein ikkje kan fylla opp badebasseng med vatn og ein kan heller ikkje finna fram vasspreiaren for å vatna plenen.

Denne meldinga er gått til svært mange som får vatnet sitt frå eit kommunalt vassverk.

Kommunen skriv i ei melding til dei som er tilknytt kommunalt vatn i desse områda at ein har lov å vatna plantane sine, men då med ei vasskanne.

Forbodet gjeld til kommunen har sendt melding om at forbodet er oppheva.

Publisert: