Barnehagestreiken i Bergen blir frå måndag trappa opp med å ta ut ytterlegare seks barnehagar i streik.

No er om lag 1.500 born råka, og alle Akasia sine 20 barnehagar på Vestlandet er råka. Det fører til at også Arna kyrkjelyd sin barnehage er stengt.

Samla er ifølgje NTB 359 arbeidstakarar no tatt ut i streik i alle forbunda.

NTB skriv at arbeidsgjevarforeininga Spekter opplyser at dei måndag la fram fleire forslag til løysningar på konflikten. Dette hadde dei måndag føremiddag ikkje fått tilbakemelding på.

Forhandlingsleiarane i dei fire involverte fagforbunda opplyser at det i brevet frå Spekter etter deira meining ikkje var noko forslag til løysing. Dei legg også til at dei ønskjer at arbeidsgjevarane skal søka om dispensasjon frå streiken fordi det kan sjå ut til partane truleg er langt unna ei løysing.