Send oss dine 17. mai-bilete!
Bygdanytt vil gjerne dele lesarane sine bilete frå feiringa.
Denne artikkelen er over fem år gammel
Korleis feirar du 17. mai? Har du bilete frå den store dagen?
Bygdanytt ønskjer gjerne å dele lesarane sine bilete frå nasjonaldagen, og håpar at du ønskjer å dele dine bilete med resten av lesarane.
Merk bileta med #Bygdanytt på Instagram. Du kan også sende bilete til bn@bygdanytt.no.
Eit utval av bileta kan bli publisert på nett og i vår papiravis.
Bygdanytt skal ha ei brei dekning av nasjonaldagen i Arna og på Osterøy. Utover kvelden vil du få ein fyldig dekning på Bygdanytt.no. Vi held òg av god plass i papiravisa neste veke.