Statsmeteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet, Frode Hassel, fortel at måndag morgon og ettermiddag byr på ein del snøbyer.

Det skal minke mot kvelden og på tysdag kjem det eit nytt lågtrykk og då går snøen over til regn.

– Det kjem byger med snø, men dei neste dagane skal bli mildare. Tysdag morgon vil det snø litt, men det blir ein rask temperaturstiging og om formiddagen blir det regn, opplyser meteorologen.

Stort sett grå himmel

Tysdag og onsdag kjem det nedbør og sterk kuling frå vest. Vinden roar seg på onsdag og om kvelden går det mot minusgrader.

– Det er ikkje store mengde regn det er snakk om. Det blir kaldare igjen på torsdag og det ser ut som det skal vare ut helga, men det er enno litt usikkert.

Meteorologen påpeiker at det ikkje er sikkert det blir regn i innlandet, sidan det er kaldare der.

– Det blir variert opphold, men jamt grått. Det blir ikkje spesielt fint vêr framover, men det kan snu seg.

Han fortel at det kan vere glatt på vegen i overgangen frå kaldt til mildt på tysdag.

– Det kan bli krevjande på tysdag, seier Hassel.