Det er bussane som køyrer på Vestlandet Statens vegvesen kjem til å kontrollera denne veka, og det er beltebruken dei skal sjekka.

– Denne gongen vil vi ha fleire kontrollørar ute og vi vil vere på fleire plassar. Grunnen til det er at vi vil kontrollera fleire bussklassar der det er påbod å bruke belte, seier Anne Margrethe Bøe, kampanjeansvarleg i Region vest i ei pressemelding.

Nedgang i beltebruken

Bøe fortel at spørjeundersøkingar visar at ni av ti veit om påbodet, men likevel går beltebruken i buss ned. Det har ifølgje ho gått ned frå 81 prosent i fjor vår til 74 prosent i år.

– Det er ikkje godt nok når vi veit at setebeltet reddar liv like mykje i buss som i bil. I bussen kan konsekvensane bli enormt store om det skjer ein ulukke og passasjerane sit usikra, seier Bøe.

Statens vegvesen vil også vere til stades på bussterminalar i bergensområdet denne veka.

– Forsking visar at kampanjar har effekt når vi gjer kontroll og informasjon i kombinasjon. Difor er det like viktig å treffe folk som brukar buss, og gjere dei medveten om kvifor det er så viktig å bruke belte også i buss. Som i fjor vil vi i år ta med oss elefanten som er eit verkemiddel når vi kommunisere ut bodskapen i kampanjen, seier Bøe.